Vi er glade for å vera tilbake på gamle trakter når vi held tre konsertar i Slidrehuset på Valdres Folkemuseum. Julestemninga sit i veggane der! Kom, så får du høyre dei gode, gamle julesangane og dei som er litt nyare. Vi har funne fram att Nordnorsk julesalme, Mitt hjerte alltid vanker. Ny på repertoaret er... Continue Reading →
For ein kveld det vart!
Støvet har lagt seg, vi har fått att pusten, og vil få takke for ein fantastisk kveld med "Livsbilde" i Kulturhuset laurdag 30. september! Les også denne nydelege omtalen frå Anne Marit Grøndalen: https://www.avisa-valdres.no/fantastisk-konsert-med-kurve/o/5-54-877020?fbclid=IwAR2Jp07SV3Fx5yNQUxpEU3w5KhbzsrUJ_nhOaJKQbLbpb17ZUfpV-_7Sr_4
Livsbilde, ein showkonsert med Kurve!
Laurdag 30. september klokka 17 og 20 på Fagernes kulturhus. Billettar: https://www.fagerneskulturhus.no/kurve-oving-ex78cjr/ Kva påverkar livskvaliteten vår, og korleis kan vi røkte den mentale helsa? Det er tema når Kurve inviterer til showkonserten «Livsbilde». Vi byr på ein kollasj av bilde som til saman kan likne eit liv – i ein spegel, ei ramme eller som... Continue Reading →
Korfagleg storbesøk frå Århus
«Kurve» har starta oppkøyringa til ny showkonsert. Den finn stad i Kulturhuset på Fagernes 30. september. Astrid Vang Pedersen: Til dagleg held ho til i Århus, der ho er musikalsk leiar for Dopplers: Ho har utvikla konseptet «Concert Design» gjennom sin doktorgrad, og foreles på danske universitet. Her med musikalsk leiar i Kurve, Gudbrand Silvet... Continue Reading →
Datoane for julekonsertar er klare
Meir informasjon kjem etter kvart. Du kan bestille billettar her.
Søndag 2. oktober klokka sju blir det haustkonsert: Saulesco på Solabu!
David Saulesco er musikaren som har arrangert dei fleste av låtane på repertoaret vårt. Denne søndagskonserten er til ære for han, og han er sjølv til stades. Det er sju år sidan vi fann svensken som vart ein uvurderleg samarbeidspartnar for oss. Vi hugsar framleis euforien i koret då vi prøvde ut det første arrangementet... Continue Reading →
Med Saulesco på Nythun
Tradisjonen tru: Første helga i oktober blir det mat og musikk på Nythun. Denne hausten har vi med oss David Saulesco, han hyggelege svensken som har arrangert det meste av repertoaret vårt. Laurdag kveld, den 1. oktober, er det fest. Først middag med fem rettar, så konsert med Kurve. Du kan sjølvsagt vera heile helga,... Continue Reading →
Vårkonsertar i nord og sør
Det blir to konsertar med Kurve i vår. Det er ein i nord og ein i sør. 23. mai syng vi i Vang kirke, og 30. mai på Nordre Lokalet i Hedalen. Vi har litt nytt og litt gamalt på repertoaret, men som alltid er vi opptekne av å lokke fram godkjensla hjå deg som... Continue Reading →
Herrleg seminarhelg
11. - 13. mars hadde vi ei utruleg lærerik seminar-helg med Christer Aannestad! Vi har lært å puste djupare, stå støare og korleis musklar og bindevev kan støtte oss i sangen. Kinderegg for Kurve, der altså!! Vi håpar de kan høyre forskjellen
Så vart det ikkje slik vi hadde håpa lell!
Under øvinga i Strand kirke måndag kveld, vart det klart at vi blir nøydde til å avlyse julekonsertane til helga. Det er utruleg trist at viruset vann også denne jula, men vi lyt berre fatte mot og sjå fram mot lysare tider. Vi avslutta øvinga med eit rungande «Deilig er jorden» - som ei helsing... Continue Reading →